Dugnadsånda er sterk i Uskedalen. Hos nokre er denne kjensla for å yta til beste for fellesskapet ekstra sterk. Lars Myklebust, Knut Steinsletten og Audun Eik er tre framifrå eksempel på dette. Det fekk vi eit nytt døme på tirsdag kveld. Etter at ettermiddagsøvinga i veteranbandet var avslutta då klokka hadde passert 18, tok dei tre dugnadskarane beina fatt mot Eikedalen for å gjera dugnadsarbeid på den nye gapahuken på Flåtene som er vist på bildet over.

Dei tre er flittige deltakarar i dugnadsgruppa som Pål Haugland tok initiativ til for eit par år sidan. Det er denne gruppa som har bygt gapahuken, og dei har vanleg møtetid kvar torsdag. Gruppa kan elles sjå tilbake på svært mange gode dugnadsprosjekt til beste for bygda. Tirsdag kveld ville Knut, Audun og Lars nytta det nydelege kveldsveret til å gjera litt finpuss på byggverket på Flåtene.

I full gang med å gjera klar bjørkenever.

Arbeidet bestod i hovudsak å dekka endestokkar og andre verutsette stader på bygget med bjørkenever. No er det rette tida av året for det, og med andre oppgåver på programmet i den ordinære torsdagsøkta, fann dei ut at kvelden passa glimrande til det. Dei brukar då ytste laget med bjørkenever slik at trea ikkje tar nokon form for skade.

Torsdag 17.juni kl.17 er det lagt opp til stor festivitas ved gapahuken på Flåtene. Hovudpostar på programmet er utdeling Folkehelseprisen i Hordaland 2020 til Astrid og Pål Haugland, og opning av den nye gapahuken. I tillegg blir det både allsong og musikk. Det er Uskedal helselag som er arrangør.

Det er ein lett og kort tur å gå til Flåtene. Vi kan velja om vi vil gå frå Feet eller om vi vil gå frå vassverksanlegget på Eik, og turen er gjort på under halvtimen. Arrangørane tar verforbehold så då er det berre å håpa at vi får like fint sommarver som vi har hatt den siste tida.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Lars Myklebust