Remi Onarheim tek attval som leiar i Uskedal Utvikling.
På årsmøte i Uskedal Utvikling vart Remi Onarheim attvald som leiar. Med seg i styret har han: Egil Myhre, Gunn Mari Moberg, Oddbjørn Kroka og Steinar Kroka ( ny ). To år med pandemi har ført til redusert aktivitet i laget. No er styret klar for å ta arbeidet tilbake slik det var fram til 2020. Trafikksikringsutvalet jobbar godt. Kjellaren er i grove trekk ferdig. No gjeld det å få Kafe Tiaren på fote att. Tiltaket er sakna og vert etterspurd av mange. Det er kjøpt inn nye stolar, bord og kvitevarer. Bilete syner f.v: Janne Olsson ( varamedlem ), Remi Onarheim ( leiar ), Gunn Mari Moberg og Egil Myhre.
Reksneskapet syner inntekter på litt i underkant av kr. 140.000,- og driftskostnader på kr. 118.000,- ( avrunda ). Den største inntekstsposten er til vanleg leigeinntekster og inntekter Kafe Tiaren, men med mindre aktivitet er faktisk sponsorinntekter uskedalen.no den beste inntekstskjelda.
Frå handlingsplanen for 2022 tek vi med:
- Ferdigstilla arbeidet i kjellaren
- Starta opp Kafe Tiaren
- Tiltak som kan stimulera til tilflytting og nyetablering
- Trfikksikring: Gang- og sykkelveg til Steinsletto
- Vedlikehald Gamleskulen
- Rusta opp turvegen frå Halsane byggefelt til Ospelunden/Rød
- Arbeida for hurtigladestasjon i Uskedalen
Redaksjonen for ukedalen.no la fram eiga melding. Den kjem vi atetnde til i eit seinare innlegg.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal