Tilstrøyminga av turistar til kommunen har vore svært stor denne sommaren. Eg har lagt merke til at det har vore svært godt besøk på Rabben Feriesenter. Sjølv om fellesferien er over, er det framleis svært mange der. Derfor stakk eg innom og tok ein prat om dette med eigar og drivar av feriesenteret, Magne Heggøy. Han var særdeles godt fornøgd med besøket.
– Ja, her har det vore fullt kjør. Det er mest utruleg når ein ser på besøket i dag, på ein vanleg mandag, seier han og tar seg i at han har bomma på dagen. Det er nemleg tirsdag. Det er lett å forstå at dagane går litt i surr i slike travle tider.
På bildet over ser vi Magne saman med Åsne H. Arnesen og Celine Musland som har vore ein del av vertskapet i sommar.

I tillegg til fulle hytter har det vore mykje telt, bubilar og campingvogner på Rabben Feriesenter denne sommaren.

Då eg såg kor fornøgd Magne Heggøy var då han omtala sesongen, var det naturleg å spørja om det hadde vore rekordbesøk.
– Ja, heilt klart, og ansiktsuttrykket i det han sa det tydde på at det var ein solid rekord og.
– Eg har ikkje julitala heilt klare. Det har vore så travelt at eg har ikkje fått sett meg ned med det enno, men det har eg planar om å gjera i kveld, seier han og fortel om fulle hytter og mykje overnattingar både i telt, bubilar og campingvogner i tillegg til dei faste gjestene.
– Det er så mykje kjekke folk som kjem på besøk at det har vore veldig gøy her i sommar, seier han og rosar dei fem jentene som har hjelpt han med drifta av feriesenteret denne sesongen. Det er Helene Myklebust, Celine Musland, Selma Ovidia G. Tarberg, Åsne H. Arnesen og Emma M. Ripel.

Då eg var nedom, trefte eg på Helene som var i full sving med reinhald av sanitæranlegget. Ho var svært fornøgd med sommarjobben sin og fortalde at det var mest nordmenn blant gjestene, men det var også komme ein god del tyskarar. Helene hadde feriejobb på feriesenteret i fjor og. To av dei andre ferievikarane hadde også det, medan to er nye denne sesongen.

Denne videoen frå Rabben Feriesenter som Camilla M. Heggøy la ut på youtube i 2016 er sett av godt over 6100. Bruk knappe to minutt til å ta ein titt her.

Magne Heggøy skryt over dei flinke ungdommane. Eg møtte på Helene Myklebust i full sving med reingjering av sanitæranlegget.
Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland.