
Rekordframmøte på 17. mai - eit perfekt gjennomført program.
Etter gudstenesta i kyrkja med sokneprest Kjersti Brakestad Boge og Røysterett for Alle/Husnes BLandakor var det samling ved Bautasteinen. Elevar frå 5. klasse las diktet Ved Bautasteinen, skrive av Olaf Agnar Gausvik. Det var god lyd og dei fleste høyrde teksten. To elevar la på blomekrans. Uskedal musikklag spelte og hadde mellom anna tonefylgje til fedrelandssalmen Gud signe vår dyre fedreland.

Folketoget gjekk via Båthamna og Rabben Camping fram til Stemneplassen. Minnetalen og blomenedlegging var ved Aurora G. Tarbeg og Martine Myklebust. ( Jfr. bilete på topp ) Tautrekking høyrer med. Bondelaget måtte gje tapt for Idrettslaget to gonger. Skulemusikken hadde tonefylgje til songane på Stemneplassen. Det meste av isen gjekk unna.

Folketoget gjekk så frå Stemneplassen og fram til Aktivitetshuset der det var leikar for born og vaksen. Programmet inne i Hallen har vi skrive om før.



Mykje folk møtte fram og var med på nasjonaldagen i Uskedalen. Det kan vera rekordframmøte.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal