Det var Sigurd Myklebust som kom med den klare tilrådinga til politisk og administrativt nivå i Kvinnherad kommune: Sjå til Bømlo kva ein kan få til med vegbygging og gang- og sykkelvegar. Bømlo var tidleg ute med den såkalla Bømlopakken. Kvinnherad heng etter. Gang- og sykkelveg til Steinsletto er uansett ikkje prioritert i vegplanane i Kvinnherad. No må ei synleg pressgruppe frå Uskedalen på banen for å få fram dokumentasjon og argument for den fråverande trafikktryggleiken langs Fylkesveg 48 frå Uskedal Bru til Steinsletto og Børneset. Bilete syner nokre av dei mange frammøtte på møte i kveld.

Remi Onarheim, styreleiar i Uskedal Utvikling, syner framlegget til reguleringsplan på Børneset med ein liten stubbe gang- og sykkelveg.

Styreleiar i Uskedal Utvikling leia møte og fortalde kort om bakgrunnen og plansystemtet. Vedteken Kommunedelplan for trafikktryggleik 2021 – 2028 har ikkje med eit ord om Uskedalen. Det er von om å koma med ved revidering og vidare arbeid med Kvinnheradpakken 2.

Nær på 40 personar møtte fram til ope møte i Gamleskulen i kveld. Det var stort engasjement og god innlegg frå fastbuande langs vegen, ferierande, småbarnsforeldre og frå dei som driv næring på Børneset. Det var særleg fokus på Buasvingen med låge føringskantar og høge fallstup. Redusert fartsgrense har faktisk ført til høgare fart. Magne Eik, Helge og Bente Nævdal, Dina Nordahl-Pedersen, Else Marie Eik og fleire som bur i område kunne alle fortelja om farlege situasjonar og nær på ulukker.

Torkel Stensletten bur deler av året på Steinsletto, nær avkøyrsla til Industriområde. Han har skrive merknader til trafikkplanen og påpeikar særleg kritiske situasjonar med forbikøyringar og høg fart. Han har merka seg uheldig trafikk ( råning ) på Børnesvegen i samband med mekking av bilar. Trafikken har auka kraftig med åra og i dag er det mest ikkje råd å sykla på denne strekninga.

Wenche Nummedal ville ha trafikkteljing og lågare fartsgrense. Ho bur slik til at ho ser og registrerer trafikken og farlege forbikøyringar. Liv Astrid Myhre vil ha ei slagkraftig og synleg prosjektgruppe i arbeidet for å bli høyrde i planarbeidet.

Alle frammøtte skreiv seg på liste. Nokre sa seg villige til å vera med i arbeidsgruppa. Uskedal Utvikling tek ansvaret for å kalla inn gruppa til oppstartmøte. Dersom du er ein av dei som ikkje hadde høve til å vera på møte i kveld og som vil vera med i prosjektgruppa, meld frå til Gunn Mari Moberg eller Remi Onarheim.

Det var ikkje frammøte frå Kvinnherad kommune, heller ikkje den eine folkevalde frå Uskedalen i Kommunestyret møtte fram.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal