Reingjering, skraping og måling på Gamleskulen.
Dugnadsgruppa ligg ikkje på latsida. I dag var sju menn i arbeid med skraping, flikking og måling på Gamleskulen. Uskedal utvikling eig og driftar bygget. Det er montert nytt toppbord på rekkverket. Rekkverket ved trappa til inngangen og til kjellaren er målt. Det vert brukt stillas for å sikra og hindra fall. Torsdag i neste veke vil arbeidet halda fram, truleg med skraping og måling på langsida mot parkeringsplassen. Vindaugo må truleg skiftast om nokre år. Høgare opp på veggen og i mønet vert det brukt lift.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Thor Inge Døssland