Reidar Gramstad skriv bok om Skorpo. Til uskedalen.no fortel han at dette er eit prosjekt han har arbeidd med den siste tida og at boka kan bli på om lag 100 sider, A5 format. Boka er klar for trykking i eit avgrensa opplag, i fyrste omgang til alle som har tinga boka på førehand. Restopplaget vert lagt ut for sal. Tittelen på boka vert Skorpos historie. Forfattaren er gift med Ingeleiv Langballe, syster til Oskar Langballe. Familien har hytte og er faste feriegjester på Skorpo. Bilete syner framsida av boka.

Reidar skriv på Facebook at i Kvinnheradsoga bind 3 finn vi 12 sider om Skorpo. Mange vil kjenna att mykje av det som er skrive, men i omarbeidd form. Nye kjelder og mykje nytt er kome til. Det heile starta som eit privat prosjekt, særleg med tanke på slekta og alle som bur eller har budd på Skorpo. Hyttegjestene er også ei viktig målgruppe. Innhaldslista i boka ser slik ut, rett sitert frå Facebooksida Skorpos historie.

Forord
Forkortelser
Innledning
Skorpo
De første brukere
1827 Nils Randulf Bugge
1834 Christina Larsdatter Bugge
Langballe-slektens opphav
Langballe-slekten som eiere av Skorpo
1838 Michael Hansson Langballe (1797-1873)
1849 Brynjulf Amundsen Utne (1808-1888)
1858 Michael Hansson Langballe (igjen)
1870 Michael Tormodsson Nesse 1843-1914
1908 Oscar Langballe (1882-1956)
1943 Bernt Olav Klokk Langballe (1915-1987)
1982 Oscar Langballe (☼1956)
«Oppe i Skorpo»
Husmannsplassene
Holmasletto – en «plass» som ikke var en plass
Øredalen

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Framsida av boka Skorpos historie