Reidar Gramstad har familiehytte på Skorpo og er ofte i Uskedalen. Gramstad har ein sentral rolle i drifta av Sandnes historielag, som leiar og som medlem i redaksjonsgruppa for årboka. Boka kjem ut kvart år og hadde i fjor eit sidetal på 238 sider. Sandnes hisorielag vart skipa i 1975 og har ved årsskifte 488 medlemer. Bilete syner Reidar Gramstad ved lansering av boka Skorpos historie.

Reidar Gramstad er ein pådrivar i laget med føredrag og artiklar i årboka. No sist snakka han om Sandnes i perioden 1650 – 1801. Medlemsmøta er lagt til fyrste måndagen i månaden. Elles har laget sommarturar og ofte møte i samarbeid med bibilioteket.

Sandnes historielag har eit stadnamnutval og eit Blå skilt utval. Skilta vert monterte på historiske bygningar i kommunen. Reidar Gramstad har tre satsingsområde for historielaget i åra framover i tillegg til vanlege program og arrangement. 1. Få oversikt over og registrera boksamlinga. 2. Registrera kjelder og gjera dei tilgengelege. 3. Rekruttering og marknadsføring av historielaget.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto