Artikkel, Børnes, Brødr. Musland AS, Brødrene Hjønnevåg AS, Eidsvik Eigedom, Nyhende, Om Uskedalen, Selstad
Reguleringsplan Børneset - truleg ny høyring i november.
Detaljreguleringsplan for Børnes Næringsområde er truleg klar for ny høyring frå november månad. Ei politisk vald arbeidsgruppe har jobba med endringar. Ein justert plan er så sendt over til konsulentfirma ABO på Stord for samordning og bearbeiding. Etter dette vert planen sendt ut på ny høyring. Det er plansjef, Kjartan Thoresen som fortel dette i ei orrientering til Utval for plan, teknikk og miljø.
Av det som kjem fram i orienteringa er Mørkevågen er teken inn i planen. Det er lagt inn ein grøn struktur der ein tek vare på sona langs sjøen mellom SELSTAD/ Eidsvik Eigedom og tømmerkaien på Børneset.
Det er kommunen som tek kostandene med utsetjinga og meirarbeidet med planen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Hans Ordin Østebø - drone 2021