Reguleringsplan Aktivitetshus og park er lagt ut til offentleg ettersyn og høyring.
Med bakgrunn i vedtak i Plan, teknikk og miljøutvalet er reguleringspkan Aktivitetshus og park, Uskedal sentrum, lagt ut til offentleg ettersyn og høyring. Frist for å koma med merknader er sett til 24. januar 2024. Det er eit omfattande dokument på 200 sider. Sjølve planforslaget er på 50 sider. I tillegg kjem saksutgreiinga, føresegner, notat/vurdering frå Norconsul, geoteknisk grunnundersøking, risiko- og sårbarhetsanalyse og 11 merknader så langt i planprosessen. Tiltakshavar er Uskedal Idrettslag. Meir informasjon finn du på kommunen sine nettsider.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Faksimile frå planforslaget