Redningsskøyta på oppdrag i Uskedalen i kveld.
Redningsskøyta RESCUE SUNDT var på oppdrag i Uskedalen i kveld. Uskedalen.no kjenner ikkje bakgrunnen for ei evt. hending på sjøen. Ein fritidsbåt langs skutesida vart hjelpt til kai. Redningsselskapet har tilsaman 59 båtar klare for oppdrag langs kysten. Redningsskøyta er ein medlemsbasert organisasjon og mykje av finansieringa byggjer på gåver og offentlege tilskot. Derson nokon verkeleg treng assistanse på sjøen, er ofte hjelpa å få frå Redningsskøyta. Straks fritidsbåten var lagt til kai og oppdraget var utført, hadde RESCUE SUNDT avgang frå Uskedalen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal