Sist veke var konsulent frå Akasia i Uskedal kyrkje. I dag kom rapporten. Hovudkonklusjonen viser at det var ei rett avgjerd å stengja kyrkja for arrangement. Rapporten peiker på dei skadene som alt er kartlagt. Akasia gir fylgjande tilråding: 





Kirken bør ikke åpnes for ordinær alminnelig drift før videre undersøkelsler og sikringstiltak er gjennomført og vurdert av faglig team inkludert statiker med erfaring fra kyrkebygg.

Kyrkjeverje i Kvinnherad, Torstein Aarthun, skriv: Det er forsikringsselskapet som har saka vidare, men vi må førebu oss på at dette no kjem til å ta noko tid. Det betyr og at vi i lag med soknerådet bør finna meir permanente løysingar for den tida kyrkja er stengt. Det at vi ikkje har ei kyrkje, vi kan nytta i Uskedal, skal ikkje gå ut over gudstenestetilbodet.

Julegudstenesta vert i Helgheim. Det hadde vore fint om Helgheim kunne vorte fylt opp til julegudsteneste dette året.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal - pressemelding