Før har det vore diktsamlingar og dikt i utval. No er Ragnvald Vaage sine dikt samla i ei bok på 374 sider. I tilegg kjem etterord skriven av barnebarnet, Lars Amund Vaage, diktar han også og nyss komen ut med romanen Det uferdige huset. Romanen er inspirert av Ragnvald Vaage sitt diktarliv. Bilete syner framsida på Dikt i samling – dikt av Ragnvald Vaage.

I Uskedalen er det enno dei som minnest Ragnvald Vaage, bonde og diktar frå Våge på Sunde. Han var ein av dei fire karane som kalla seg Mannbugjengen, fire vener som frå 1941 og mange år framover, drog på fjelltur i lag i Uskedalen. Det var Knut Markhus, Konrad Lunde, Lars Haugland og Ragnvald Vaage. Turen gjekk alltid til Lars Haugland si hytte, Mannsbu ved Mannsvatnet. Det er famlien Astrid og Pål Haugland som eig og brukar hytta i dag.

Ragnvald Vaage var ofte gjest i Uskedal Ungdomslag som talar og opplesar. Då las han eigen dikt og prologar No er dikta samla i ei bok og alle har tilgang til alt han skreiv av lyrikk. Her finn vi mellom anna diktet Ulvenosa, fjellet er slengd opp or avgrunnen. Mange kjenner dikt som Heim frå havet, Røsslyng, Jordson eller Sumarkveld ved fjorden. Det er sett tone til mange av dikta hans, også med arrangement for kor.

Dikt i samling av Ragnvald Vaage er den fjerde boka i serien Klassisk nynorsk på Norsk Bokreidingslag. Mannen bak utgjevinga er Jon Askeland med hjelp frå Ole Jakob Totland frå Valen. Boka kan kjøpast på bokhandelen i Rosendal og på Husnes.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Framsida av boka