Fredag 18.august kl.20 er det quiz i Helgheim.

Det vert quiz i Helgheim fyrstkomande fredag kl.20. No er det berre å hive seg rundt! Ring eit par vener og meld på lag. Bjarte Døssland stiller som quizmaster. LivOGLyst stiller med snacks, og ein tek sjølv med ønskja drikka.

Vi håper mange stiller lag. Spre ordet, og det er sjølvsagt lov å rekruttera lagmedlemmer frå andre bygder.

Dørene opnar kl. 19.30, medan quizstart er 20.00.

Meld på lag (maks 6 stk. pr. lag) på SMS til Solveig Haugland på 472 66 929 innan torsdag kl. 20.00.

Tekst: Solveig Haugland
Foto: LivOGLyst – Uskedal
Nett: Kari Bråtun