Pusen til Møyfrid kom heim i natt.
Hin dagen etterlyste vi ein katt på uskedalen.no. Det var pusen til Møyfrid Kristoffersen på søre Musland. Ei gladmelding er det at pusen kom heim i natt. Det er stor glede i heimen. Ikkje noko er for stort og for lite for uskedalen.no. Send oss melding dersom det er noko i nærmiljøet vi bør ha fokus på. Det nære og kjære er ofte det beste.
Tekst/nett: Kristian Bringedal