Pubkveld med konsert i Dønhaugkjedlaren komande laurdag.
Laurdag 25. november vert det live musikk i Dønhaugkjedlaren .
Ein release konsert (for eit album som kanskje ikkje vert utgitt).
Øyvind Sture som har laga både tekst og musikk. I tillegg til seg sjølv på sang og gitar, har han med seg Egil Våge på fele og Stein Haugen på bass ( Sjå bilete ).Dønhaugkjedlaren opnar kl 19, og konserten vil ha to sett med pause imellom. Fyrste sett ca kl 19.30 og andre ca 21.00. Det er allereide godt med bestillingar, men det er framleis plass til fleire. Førehandstinging på tlf 97040153 (Magne Huglen) Cc kr 100,- (Bruk Wipps)
Tekst: Pressemelding Foto: Arkivfoto - Thor Inge Døssland Nett: Kristian Bringedal