Grøfter, kummar og store vassmengder på avvegar er eit kjend problem i Beinavikjo. Det gjeld overflatevatn og vatn i grøfter frå Halsane, under fylkesvegen og ned mot sjøen i Beinavikjo. For nokre år sidan vart det gjort ei utbetring innom avkøyrsla. No gjeld det vatn som kjem ned ved gamlevegen til Halsabrotet byggefelt, nokre meter utom busskuret. Manglande røyr under vegen gjer at vatnet fossar ut i ytre del av den gamle frukthagen til Arnesen, kjem ned mot neste veg og går delvis inn i det kommunale kloakksystemet mot pumpestasjonen ved Uskedalen Brygge.

Kommunen er føebels ferdig med sin jobb. Det står att å få lagt gjennomgåande røyr under fylkesvegen.

Det er Kvinnherad kommune som har utført utbetringa så langt. Det meste av overflatevatnet skal gå inn i eksisterande grøft under Kvinnherad Vekstbedrift sitt bygg, det som var Uskedal Trelastlager. Statens Vegvesen har ansvaret for grøfta under fylkesvegen. Her er det ikkje gjennomgåande røyr. Det er uklart kven som tek denne jobben, anten Statens vegvesen eller kommunen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal