I Uskedalen skulemusikk er det i dag 16 aktive musikantar og me har lyst til å være enda fleire! Me inviterer derfor til prøveblås onsdag 1.9 kl 17.30. Dette er et tilbod til alle som har lyst til prøve seg på eit instrument, fra 2. klasse og oppover. Det er sjølvsagt også kjekt om nokon frå nabobygdene vil vera med. På bildet over ser vi fjorårets aspirantar som no er komne med i korpset.

Kvifor spela i korps? Jo- du får sjølvsagt læra å spela eit instrument. Men like viktig er det at me har det kjekt saman, at alle får vere med på sitt nivå, og me presterer saman, i eit fellesskap på tvers av kjønn og aldersgrupper!

Meir informasjon kan du få ved å møta opp på prøveblås 1.9 eller kontakta Monica Hermann (tlf 90635493). Dersom tida ikkje passar, kan du kontakte Anja Strüter (tlf 99293645) for avtale om prøveblås på eit anna tidspunkt.

Tekst: Monica Hermann
Foto og nett: Thor Inge Døssland