Styret i Uskedal skulemusikk minner om at det er prøveblås for aspirantar i Aktivitetshuset i kveld kl. 18. Alle frå 2. klasse og oppover kan begynne på aspirantopplæring, og opplæringa er gratis. Ein tur der for å prøva blåseinstrument, kan vera starten på ein fantastisk hobby som ein kan ha glede av resten av livet. I skulemusikken gjer dei mange kjekke ting i tillegg til musikken og. De får meir informasjon om prøveblåsen ved å klikka HER, og viss de har spørsmål kan de kontakta Monica Hermann, 906 35 493.
Bildet over viser musikantane når dei tar mot applausen under den flotte avlutningskonserten for fjorårsesongen i sommar.

Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland