Skulemusikken ønskjer nye aspirantar.

Uskedal skulemusikk har 14 flinke musikantar, og no er det ein god mulighet for fleire å få ta del i denne flotte hobbyen og dette gode fellesskapet. Onsdag 31.august kl.18 inviterer nemleg skulemusikkstyret alle frå 2. klasse og oppover, som har lyst til å spela eit instrument, til å komma i Aktivitetshuset.
Dei som kjem, vil få prøva forskjellige instrument. I tillegg får dei høyra på skulemusikken som speler. Styret vil informera om skulemusikken og korleis det er å spela i eit korps. Dei håpar at mange unge musikkspirer kjem saman med ein vaksen.
På samlinga vil ein også få svar på spørsmål som ein måtte ha. Dersom nokon er forhindra frå å møta der, kan dei kontakta styreleiar Monica Hermann, 906 35 493, så kan ho svara på og ordna det meste. Skulemusikken har sjølvsagt instrument som dei låner ut, og aspirantopplæringa er gratis. Bildet over viser ei gruppe frå sommarkonserten i båthamna.

Vinnarlaget frå OL-korpsleikane i fjor.

Dei som begynner i skulemusikken, vil få ein hobby som dei kan ha mykje glede av gjennom heile livet. I tillegg til det musikalske får dei vera med på mange kjekke ting og blir kjende med mykje kjekke folk. I skulemusikken er det ikkje berre speling, men dei har mange kjekke aktivitetar innimellom.

At det er ein hobby ein kan ha i mange år, er veterangjengen i musikklaget eit godt bevis på. Alle der (unntatt Nils Rainer) begynte for meir enn 50 år sidan. Eldstemann, Bjørgulv Eik, blir 90 år om eit par månader. Dei har det framleis veldig, veldig kjekt. Det er GØY å spela i korps!!!

Speling i korps gir mange gleder!
Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland