Program for 8. mai markering på Stemneplassen.
Uskedal Friluftslag legg opp til markering av Frigjerings- og veterandagen 8. mai på Stemneplassen. Sentralt i programmet er avduking av namneplata til krigsseglaten Toreger Olsen Feet frå Tresshaugen i Uskedalen. Han segla og omkom på amerikansk tankskip i 1943. Året før var han med på torpedering. Markeringa er open for alle. Det er invitert inn gjester frå slekta hans i Noreg, mellom anna frå Randaberg, Rubbestadneset og frå heimegarden Tresshaugen. Mange frå slekta hans vil møta fram. Det er skrive bok om Torger Olsen Feet. Boka vert presentert og seld på 8. mai.
Programmet ser slik ut:
- Frå kl. 09.00: Tilbod til klassar frå Uskedal skule med informasjon om krigshendingane i Uskedalen april 1940, om Krigsminnesmerke m/ vekt på krigsseglarane.
- kl. 16.00: MInnemarkering med avduktig av namneplate: Historisk innleiing v/ Gunnar Haugland og Margit Sande. Uskedal musikklag og felles song.
- Kl. 17.00: Boklansering v/ Finn Bakke – sal og segniering.
Styret i Uskedal Friluftslag ynskjer alle velkomne til ei verdig og fin markering på Stemneplassen 8. mai.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto. Kristian Bringedal/ faksimile frå boka Historia om Gurine, Torger og Martin