Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved institutt for effentleg rett i Oslo, samla meir folk enn det var plass til i amfiet på Kulturskulen i dag. Eit 20 tals personar måtte snu i døra. Frå no av vert Kinosalen brukt, så sant den er ledig. Øyrehagen Sunde var i 2023 ute med to bøker. I tillegg er han medforfattar i tre andre bøker. Han er tildelt prisar for framifrå formidling, no sist Metzer prisen og Sarton, medalje for rettshistorisk forsking i Europa. Tema for dagens førelesing var Landsloven frå 1274, skriven av Magnus Lagabøte. Styrken med lova var at den vart laga i ei tid som krov endring, men også at lova vart brukt.

Senioruniversitetet samla meir folk enn det var plass til i dag på møte med Jørn Øyrehagen Sunde.

Lanslova av 1274 er ei av fire lovbøker i Europa på 1200 talet. I ei tid då det var slutt på trælesamfunnet og der det gamle slektssamfunnet gjekk i oppløysing, måtte lovene fornyast. Det vart gjort av Mangus Lagabøte, kongen som eigentleg ikkje skulle verta konge og med utdanning frå fransikanarane i Bergen. Han slutta fred med naborika og fekk skrive den fyrste landsdekkande lova i Europa, eit storvek godkjend av paven i 1279.

Lanslova regulerer mellom anna legdeordninga på bygda, mat, hus og omsorg for dei fattige. Lova seier mykje om å dyrka jorda, driva handel og om kvinna sine rettar i samfunnet.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Thor Inge Døssland/ Kristian Bringedal