Private kunstgrasbanar kan søkja om tilskot for å hindra avrenning av gummigranulat.
Saman med Halsnøy, Husnes og Valen vert kunstgrasbanen i Uskedalen rekna som eit privat anlegg. Frå 1. juli 2023 gjeld nye reglar for korleis ein skal hindra at gummigranulat kjem på avvegar, mellom anna med fysiske barrierar og oppsamlingskummar. Kvinnherad kommune har alt gjennomført synfaring på sine banar og vidare laga ein tiltaksplan. Pålegga om sikring og oppsamling har sin bakgrunn i forskrift om forureining. Dei fire private banane er pålagt dei same krava til oppsamling og dermed tiltaksplan. Baneeigar kan søkja statlege tilskot til dette arbeidet. Uskedalen.no er ikkje kjend med kva Uskedal idrettslag gjer. Nye banar som t.d. Erslandsparken vert bygd utan bruk av gummegranulat.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal