Romsleg og Festidalen legg opp til stor og fargerik Pride markering laurdag 24. juni i sentrum ved Gamleskulen og Grano. Det vert appell, kulturelle innslag og Pridetog. Markeringa er i samarbeid med Humanetisk forbund og Sparebanken Vest. Banken ( 200 år ) stiller med jubileumskake. Markeringa vert på dagtid i forkant av konsertstart på Dønhaug kl. 17.00. Dette kom fram på ein pressekonferanse på Dønhaug no i kveld. Bilete på topp syner f.v: Jostein Sydnes, Anette Jacobsen, Wermund Vetrhus, Jorun Larsen, Gaute Lund og Una Kolle. Les pressemeldinga under.

Alexsander Papas ( 22 år ) frå Stord skal halda appell.

Laurdag 24. juni er det eitt år sidan dei skjebnesvangre skota losna i hovudstaden, og våre illusjonar om eit trygt Noreg for LHBTQ-personar vart smadra. Dagen etter er det òg eitt år sidan folk strøyma opp på Dønhaug, og såg all den kjærleiken som bur i Festidalen. ALLE var velkomne, og jordet vart ein særskilt viktig møteplass denne kvelden.

Når eittårsdagen no nærmar seg, vekkjer den tviegga kjensler. Minna om dei to drepne og fleire skada i Oslo er vonde. Samstundes gjev det gode fellesskapet på jordet oss tru på at kjærleiken faktisk er størst av alt. Kjærleik har trass alt vore eit av Festidalen sine gromme fyndord gjennom festivalen sine 20 år, noko som kjennest.

Me er difor svært glade for å melda at Festidalen og Romsleg i år har inngått eit samarbeid: Me skal nok ein gong samlast for å feira kjærleiken, og ALLE er velkomne. LHBTQ-personar skal vera trygge i Norge. Trua på at dette ein dag kan verta ein realitet blir styrka når ein står saman.


Saman har me med oss ein annan jubilant, Sparebanken Vest som fyller ikkje mindre enn 200 år. Dei deler ut kake og merksemd til alle som kjem. Det er utruleg godt å ha med oss ein støttespelar som er
med og støttar opp og som har dei same verdiane som oss.

Tekst: Kristian Bringedal/ utdrag frå pressemelding
Foto: Kristian Bringedal/ Nils Mevatne - HVL
Nett: Kristian Bringedal