Kyrkjelyden klappa då presten Kjersti Brakestad Boge på 17. mai fortalde at ho og mannen Hans Jørgen Boge har kjøpt hus i Uskedalen. Flytting er sett til månadsskifte mai/juni. Det var ei gladmelding mange likte å høyra. Kjersti er sokneprest med ansvar for soknene Kvinnherad, Varaldsøy og Hatlestrand/Ølve. Ho gjer også teneste i Uskedalen. Huset, der Marit og Leon Gundersen budde, ligg sentralt til i Uskedalen. Meir sentralt kan ein ikkje koma.

Meir sentralt i Uskedalen let det seg ikkje gjera å koma.

Kjersti Brakestad Boge har vore sokneprest i Kvinnherad sidan 2018. Før det var ho prest i Kyrkjebø ( Høyanger ) og på Voss. Kjersti kjem frå ein prestefamilie. Ho er dotter til prest Bjørn Brakestad og barnebarn av tidlegare sokneprest Johan Brakestad ( Strandebarm ).

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal