Malmanger prestegard i Rosendal har vore ein samlingsstad i bygda i hundrevis av år. Veggene har sett prestefolk koma og gå i generasjonar, gjester av alle slag har vore tekne hand om, dagsaktuelle saker og historiske hendingar har vore drøfta. Men den nye boka frå forlaget Skimtvis er ikkje først og fremst ei forteljing om prestegarden. Den historia er godt fortalt og dokumentert i boka Malmanger prestegard, som RosendalStiftinga gav ut i 2010. Litt av stoffet derifrå er likevel teke med i denne boka òg, for heilskapen si skuld.

Malmanger Prestegard har vore ein sentral samlingsstad i mange generasjonar.

I boka Prestegardsminne fortel tre prestebarn om tida si i Rosendal. Knut Gunnar Sellevold (f. 1948) og søskena Magne Medhus (f. 1939) og Sigrid Margrethe Medhus Isaksen (f. 1943) minnest alle dagleglivet i heimen og i bygda rundt. Dei fortel om samfunnsendringar, krigen og kyrkjekampen då prestane la ned embeta sine.

Vi får lesa historiar om dei freda bygningane på garden, om tre og vokstrar, kyrkjeliv, vitjingar og feiringar og mangt anna. Til saman er forteljingane deira ei kultur- og lokalhistorisk reise om livet på og rundt den ærverdige prestegarden under Malmangernuten.

Fortald av Knut G. Sellevold, Magne Medhus og Sigrid Margrethe Medhus Isaksen.


Knut Sellevold gjev i boka også ei detaljert skildring av kva som skjedde i Kvinnherad under det som er blitt omtalt som «kyrkjekampen» i 1942. Dette er ny lesnad for mange og bør såleis ha stor lokalhistorisk interesse. Så vidt vi veit, har ikkje denne historia vore skriven om tidlegare.

Boka er på 178 sider og er rikt illustrert med mange interessante bilete frå gammal og ny tid. Kristian Hus er utgjevar gjennom forlaget Skimtvis, medan sonen, Kristen Børje i Multipleks design har stått for den grafiske utforminga. Dette er den 7. boka far og son Hus samarbeider om. I september gav dei ut boka om samfunnsbyggjaren Gunnar Røsseland og etterkomarane hans.

Uskedalen.no vil laga eige innlegg om boka vurdert ut frå kva som er aktuelt for mange i Uskedalen. Boka har mellom anna med kunnskap frå krigsåra som til no har vore lite kjend.

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal