Den nye nettsida uskedalen.no vart presentert for Grenda, Kvinnheringen og styret i går. Uskedalen.no, slik vi kjenner den frå 2006 og fram til i dag, er fasa ut og etter eit stort og omfattande arbeid er ny side på plass. Uskedalen.no i 15 år og nær på 20 000 saker er historie. Rett nok er alle innlegga sikra og skal på sikt gjerast søkbar i ei PDF fil. Alle sakene, som er skrivne i 2021, er overført til ny side. Med på pressekonferansen frå Uskedal utvikling var f.v: Thor Inge Døssland, Kristian Bringedal, Hans Ordin Østebø og Remi Andre Onarheim.

Hans Ordin Østebø har skrive om den nye sida. Sjå innlegg. Det ligg som sagt eit enormt arbeid bak å gjera alt klart for ny side. Magnhild Haugland i Lokalkrafta har på oppdrag frå uskedalen.no gjort store deler av det tekniske og faglege. Arbeidet er gjort i tett samarbeid med Hans Ordin Østebø frå uskedalen.no.

Historikken er at fyrste saka på uskedalen.no vart skriven 4. juli 2006. Ola Matti Mathisen var redaktør i 10 år. Frå starten og etter Ola Matti Mathisen gav seg, har Thor Inge Døssland og Kristian Bringedal vore ansvarlege for det redaksjonelle. Hans Ordin Østebø har vore teknisk leiar. Nokre justeringar har vorte gjort under vegs, mellom anna med overgang frå to til tre spalter. Tenesta har vore kjøpt frå iDrift.

No var tida klar for ny og meir dynamisk side. Med støtte frå Kvinnherad kommune ( profileringsmidlar ) til kjøpte tenester og stor grad av frivillig arbeid er sida no lansert. På pressekonferansen vart det spurd om framtida og vidare drift. Svaret vil koma etter kvart, særelg med bakgrunn i ei drøfting i styret.

Redaksjonen vil at du gjer deg kjend med nettsida. Utfyllande stoff frå ulike tenester vil koma på plass etter kvart. Vi er takksame om du har synspunkt og meiningar om den nye sida. Send til uskedalen.no@gmail.com.

Tekst/nett: Kristian Bringedal                      
Foto: Marius Tveit Nissestad - Grenda