
Premiedryss og rulleskitrening!
Måndag denne veka var det stor samling med deltaking frå fire lokale klubbar i Aktivitetshuset. Uskedal IL hadde invitert naboklubbane med på familietrening- ei kjekk og variert treningsøkt for heile familien. Etter økta var det tid for påfyll i magen og utdeling av premiar for skikarusellen 2022 til alle som hadde fullført minst to karusellrenn.

I klassane frå 11 år og oppover er det rangering av løparar etter kor mange poeng dei har sanka i karusellrenna gjennom vinteren, mens i klassane frå 10 år og nedover er inga rangering. Uskedal IL har for tida den klart største skigruppa i kommunen og det syntest godt på resultatlistene.

Oppkjøringa til neste skisesong er i full gang og alle som har lyst til å være med er velkommen på trening. Me har ein gjeng på 15-20 ungar frå fyrste klasse og oppover som har det kjekt på rulleski medan me ventar på snøen. Treninga er tysdagar klokka 17-18 og oppmøte er ved utstyrsbua ved kunstgrasbanen. Idrettslaget har rulleski og stavar til utlån, så ungane treng berre skisko, hjelm og refleksvest for å delta. I tillegg kan det væra det lurt med hanskar. Ungane vert delt i grupper etter alder og ferdigheitar og dei fire trenarane, Gina og Stig Berge-Soldal, Per Korsvold og Christoffer Fossli, syt for at alle får oppleve meistring på sitt nivå. Velkommen til alle som har lyst til å være med!
Minner også om familietreninga som er mandager klokka 17.30 til 19. Her er det også plass til fleire!
Tekst/bilete: skigruppa, Uskedal IL
Nett: Thor Inge Døssland