Styret for Aktivitetshuset i Uskedalen søkjer Kvinnherad kommunen om tilskot for å dekka underskot og sikra vidare drift. Aktivitetshuset er driven som ein frivillig organisasjon, men registrert som aksjeselskap. All drift av hallen er frivillig arbeid og kommmunen ( skulen ) er den største brukaren. Drifta skal ikkje gje økonomisk vinning, men vera med å halda aktiviteten oppe og sikra vedlikehald Det føreligg eit positivt svar på søknaden der det vert løyvd kr. 50.000,- med bakgrunn i bortfall av sponsorinntekter i 2021.


I søknaden kjem det fram at oversikt over dagens bruk, som til dømes treningar, gymtimar, samlingar, foreldremøte og avslutningar. Aktivitetshuset er ein viktig møtestad for foreldre og born i lokalsamfunnet.
Fram til no har hallen fått god støtte frå mykje flinke dugnadsfolk. Framleis er dugnadsånda i Uskedalen stor. Likevel har koronapandemien gjort at inntektsgivande arrangement ikkje har kunna gjennomførast dei siste åra.


Aktivitetsdagen, torgdagen, konsertar, rebuser, lotteri, utleige til arrangement osv. har vore vesentlege inntekter for å drifta hallen. Slik det har vore dei siste åra, sit ein att med inntekter frå utleige til Uskedal idrettslag og sponsorar. I økonomiske usikre tider har ein også mista fleire av sponsorane. Dette har igjen ført til auka leigesatsar for Uskedal Idrettslag, noko som får direkte konsekvensar for kva tilbod dei kan gje til barn, unge og andre medlemer.


Styret arbeider no med å få inn nye sponsorar og andre leigeinntekter frå arrangement, men førebels rekneskap for 2021 viser eit underskot på rundt ca 50.000,-. Ein må også rekna med auka vedlikehaldskostnader i åra framover.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal