Det er ei stund å venta til den neste boka i serien “Den nære fortida” kjem ut hausten 2026, men arbeidet i historielaget går for fullt, både med bokstoff til komande bøker, og med arkiveringsarbeid. Ikkje minst er det også siste fase i arbeidet med Torkel Stensletten sitt verk om utvandringa til Amerika. Den kjem ut i haust, og det passar godt i samband med utvandrarjubileet.
Siste tida har skriftstyret lagt ut små videosnuttar der munnlege kjelder har gitt ein liten forsmak på noko av det som kjem i dei komande bøkene i “Den nære fortida” på facebooksida til Uskedal Historielag. (Dessverre har vi ikkje fått lagt ut alle her, då vi har fått melding om at dei er for store.) Gårdagens video, der Bjørgulv Eik fortel litt frå kinodrifta i Uskedal Ungdomslag, kan de sjå nedanfor. I tillegg til denne har vi tidlegare lagt ut ein samtale med Inger Lise Eidsvik om Villendene og med Sigurd Myklebust om oppbygginga av Texen. Desse har blitt svært populære med godt over 1000 visningar og mykje god respons. Vi kjem til å leggja ut fleire videosnuttar med nokre av dei munnlege kjeldene våre på facebooksida framover.
Medan vi ventar på bok 4 og 5, går salget av dei 3 første bøkene sin gang på SPAR Uskedalen, bokhandlane i Rosendal og på Husnes og hos skriftstyret (932 88 237).

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland