Nokre veker før jul investerte SPAR Uskedalen i tre fine hestar. Målet var gjera handleturen kjekkare for barn som er med foreldra på handel. Dette har slått til for fullt!! Det er blitt veldig populært for barna å ta seg ein ridetur medan foreldra fyller handelevogna. På bildet ser vi Åsta (t.v.) og Astrid som tar seg ein ridetur på kvar sin hest. Dei seier at det er veldig kjekt å ri rundt i butikken.

Tuva seier at det er veldig kjekt med ein ridetur på hesten når mamma handlar.

Dei tre hestane har fått “stallen” sin like til høgre for døra når ein kjem inn i butikken. Der står dei og ventar på at nokon skal låna dei på ein ridetur. Alle barna som vil låna dei, må ha med seg ein vaksen. Dei tre hestane heiter Sala, Brutus og Lurifaks. Dei som er opp til 40 kg kan ri på Sala og Brutus, men Lurifaks er mindre så den er for dei som er under 25 kg. Kor populære hestane er, viser også det faktum at “stallen” ofte er tom når vi kjem til butikken. Alle tre hestane er ute på tur.

Det er ikkje berre borna som set pris på heste-tiltaket til Spar Uskedalen. Også dei vaksne kundane synes det er eit veldig godt og kjekt service-tiltak. Småbarnsforeldre fortel at handlerunden går mykje rolegare for seg når barna får seg ein ridetur. Det har også resultert i at barna svært gjerne vil ha foreldra med seg på ein handletur på SPAR Uskedalen.

Aurora Nilsen Matisen ved SPAR seier at både barna og vaksne kundar set pris på heste-tilbodet. Mange melder tilbake at dei synest at det er eit flott tiltak.

Tiltaket er eit nytt eksempel på at den gode SPAR-butikken på Sanden alltid har kundane i setrum for måten dei driv butikken på.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland