Bjarte Eik er lærar i byggfag på Odda vidaregåande skule. I programmet Distriktsnyheter og Norge i dag fekk vi møta Bjarte i “sitt ess ” med innslag frå eit samarbeidsprosjekt med barnehagane i Ullensvang. Ved gjenbruk og bruk av materiale frå EURO paller er oppgåva å spikra fuglekassar, mellom anna for å ta vare på fuglane. Borna synte stor glede og trivsel. Byggfaglæraren fortalde levande om bakgrunnen for tiltaket. Mange småfuglar er truga slik samfunnet utviklar seg i dag. Innslaget synte godt korleis ein i skulen og barnehagen kan jobba med å ta vare på dyrelivet. Det går både på haldningar og på praktisk gjennomføring.
De kan sjå innslaget ved å klikka HER og gå vel 10 minutt uti programmet.

Mange kjenner Bjarte Eik som snikkar. For om lag 10 år sidan starta han eit løp med omskulering fram til mai 2020 med ferdig bachelor. Etter det har han vore lærar i byggfag både på Kvinnherad og Odda vidaregåande skule. I dag pendlar Eik dagleg mellom Uskedalen og Odda. Han trivst godt på skulen og har ved mange høve vorte omtala som ein “kul” og populær pedagog.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Skjermdump frå NRK1