Fartsmålng på Uskedalsvegen i perioden 26. aprl til 5. mai syner at 15 % av bilistane køyrer over fartsgrensa gjennom sentrum og ikkje minst på strekninga Uskedal bru – Steinsletto. Over 22 000 køyrety er med i teljinga, noko som er normal trafikkmengd gjennom Uskedalen. Ei tiltals bilistar er registrerte med ein fart på over 90 km/t. Bakgrunnen for trafikkmålinga er bekymringsmeldingar frå dei som bur langs fylkesvegen. Det kan sjølvsagt vera feilmarginar, men samla sett syner tala at farten er høg. Vidar Hoel i Vestland fylkeskommune tilrår at Politiet legg inn og gjennomfører fartskontrollar i Uskedalen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Kjelde: Kvinnheringen