I helga fekk ein bonde i Uskedalen oppskorne siloballar. Forballane var lagra på Haugland der vegen tek av til Kalkstasjonen. Ugjerninga er gjort med kniv i to omgongar. Fyrst vart det oppdaga ein siloballe som var skada. Seinare syner det seg at det er gjort hærverk på fem forballar til. Saka er meldt til Politiet, som ynskjer tips frå dei som har informasjon eller måtte vita noko.

Skadeverket er gjort med kniv.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Jone Rørheim