Plan- og arbeidsmøte om Skårhaug Opp - gjennomføring med nokre endringar.
Uskedal Idrettslag i samarbeid med Friluftslaget skipar til motbakkeløpet Skårhaug Opp torsdag 15. august. Etter eit plan- og arbeidsmøte i kveld vert det lagt inn nokre endringar i høve til korleis det var i fjor. Det vert mellom anna tre ulike startpunkt, alt utfrå kva alder og klassedeltaking. Idrettslaget vil vera teknisk arrangør. Friluftsslaget ryddar og gjer område klart. Det vert musikk og kiosk ved Stemneplassen. Bilete på topp. F.v. Solveig Haugland, Per Korsvold og Tormod Myklebust. Under kjem ei oppsummering:
- Dag/tid: Torsdag 15. august med påmelding frå kl. 15.30
- Frammøte og påmelding ved Grano
- Påmelding ved frammøte ( Ikkje førehandspåmelding )
- Mosjonsklassen startar kl. 16.30, konkurranseklassane kl. 17.00
- Ulik løypelengde i høve til alder. Tre ulike startpunkt: 1. Ved møterommet på Stemneplassen. 2. På bakkane til Chris Fossli. 3. På Sandakaien
- Målgang: Skårhaug 49 m.o.h.
- Premiering på Stemneplassen straks etter avslutta målgang
- Musikk v/ Uskedal musikklag
- Kiosk med sal av is, pølser og drikke
- Speaker: Per Korsvold
Meir informasjon kjem. Det vert laga ei hending på Facebook.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal