Neste møte i Kvinnherad Senioruniversitet handlar om internasjonalt fredsarbeid. Då kjem Petter Skauen til Kvinnherad som førelesar på møte torsdag 13. april. Møte vert i Rosendal samfunnshus. Petter Skauen er diakon og har i ei årrekkje arbeidd for fred og forsoning, ikkje minst i dei Latin – amerikanske landa Ecuador, Guatemala og Haiti. I tjue år arbeidde han i eit krigsherja Guatemala og seinare var han ein sentral person ved forhandlingane fram til fredsavtalen for landet, underteikna i Oslo Rådhus 4. november 1996, noko som sette punktum for den 36 år lange borgarkrigen i landet. Petter Skauen er nr. 2 f.v. på bilete.


Då Guatemala vart ramma av eit stort jordskjelv i 1976, sende Kirkens Nødhjelp Petter Skauen til landet og sidan den gongen har dette landet hatt ein særskild plass i hjartet hans. Engasjementet til mannen har smitta over på fleire. I Noreg har dette ført til engasjement frå mange kommunar, først i heimkommunen Fredrikstad, så over det ganske land, med Stord og Kvinnherad mellom desse.


Petter Skauen er ofte på reisefot og pleier kontaktane han har, både i Guatemala og andre stader. Han har fått ei rekkje prisar for arbeidet sitt.
I denne veka kjem Petter Skauen til Kvinnherad og gjestar Venskap Kvinnherad San Lucas Tolimán og Senioruniversitetet. Alle er velkomne til møte i Senioruniversitetet torsdag 13. april på dagtid i Rosendal samfunnshus kl. 11.00.

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal