
Perlemorskyer i vakre fargar på himmelen i dag tidleg.
Mange fekk det med seg, fann mobilen og knipsa dei vakre perlemorskyene på himmelen i dag tidleg. Perlemorskyer er ein type lysande, ofte linseforma skyer i stratosfæren. Ordet perlemor har tydinga si frå det indre skalet på musling. Perlemorskyene er å sjå i Norden, Alaska, nord Canada, Russland og elles i polare strøk. Dei vert difor ofte kalla polarstratosfæriske skyer.

Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Nelly Kjærland/ Marianne Pile