Kåringa av Årets namn i regi av Grenda er publisert. Av 12 namn finn vi to med adresse eller med nære relasjonar til Uskedalen. Det er Per Korsvold og Jørn Øyrehagen Sunde. I denne omgang gjeld til å røysta på den kandidaten du vil ha med i finalen. Røystinga i utslagsrunden går fram til tysdag 3. desember. Les meir om dei to kandidatane her:

Jørn Øyrehagen Sunde frå ei førelesing i Kvinnherad Senioruniversitet.
  • Per Korsvold vart nasjonalt kjend då han sykla Uskedalen – Lyon etter at han tapte eit veddemål med dottera. Innsamla midlar gjekk til Barnekreftforeninga. Av yrke er han pilot. I sommar hadde han eit oppdrag i Gålåspelet der han med sjøfly flaug sjølvaste “Peer Gynt” fram til Gålåvatnet og framsyingsplassen.
  • Jørn Øyrehagen Sunde er truleg den framsten eksperten på Kristenretten og Magnus Lagabøte si landslov, begge med jubileum i år. Jørn reiste landet rundt med føredrag og framføringar. Sunde hadde ein sentral rolle i Riksjubileet på Moster, likeins i NRK si maratonsending om landslova.

Du røystar på ein av kandidatane ved å bruka:

  • E-post: Post@grenda.no
  • Telefon: 53 48 71 00
  • Internett: Bruk skjema på Grenda si heimeside
  • Post: Send slippen i Grenda til pb 100, 5486 Rosendal
  • Ved personleg frammøte i redaksjonen
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto