Når peparkakebyen i Folgefonnsenteret no er ferdig utstilt, er det fleire kjente bygg frå Uskedalen. Det har mellom anna 7.klasseelevane ved Uskedal skule sytt for. Dei har brukt Mat og helse-timane i eit par veker til prosjektet. Dei fleste har jobba i grupper og har valt seg ut bygg som dei meiner måtte vera med i utstillinga.
I tillegg veit vi at 8 unge ungdommar var i sving på Lislerud forrige helg. Då blei helga fordelt slik at det var steiking på laurdagen og pynting dagen etter. Uskedalen var såleis særs godt representert i den flotte peparkakebyen. Eg vil tru at tett på halvparten av bygga kom her frå bygda. Vi kan trygt kalla Uskedalen ei peparkakebygd. “Kjært barn har mange namn!”

Denne kjekke gjengen, Kacper(f.v.). Trym, Frøy og Andreas, fortalde om korleis dei hadde jobba med Peparkake-Uskedalen.

Uskedalen.no slo av ein prat med fire av elevane i 7.-klasse, Andreas, Frøy, Trym og Kacper, då dei var ferdige med byggverka sine. Alle syntes at det hadde vore eit kjekt prosjekt no i førjulstida, og dei hadde merka at førjulstemninga hadde komme sigande etter kvart som dei arbeidde med peparbygga sine.

Frøy laga Spar saman med Martine og Håvard. Her er det klart til levering. (Foto: Tanja Bringedal).

– Oppgåva var at vi skulle presentera Uskedalen, og så har vi jobba i grupper og laga forskjellige ting som representerer bygda, startar Frøy å fortelja og fortset at hennar gruppe har for eksempel laga Spar, før vi spør Kacper kva han har vore med og laga.
– Yahya og eg har laga fotballbane med to lag som spelar mot kvarandre. Mitt lag er tjukke og hans er tynne. Vi laga strekar på banen med melis, og i staden for like drakter hadde spelarane huer. Til huer brukte vi Skittles, forklarer Kacper, og då lærte intervjuaren eit nytt ord.
-Kva er Skittles, må eg spørja.
– Det liknar litt på Non Stop, men dei er mindre, og så er det ikkje sjokolade inni, men tutti frutti.
Kacper og Yahya hadde valt å laga fotballbanen fordi begge likar å spela fotball.
– Og så er det jo ein fin kustgrasbane i Uskedalen, og den er mykje brukt både i skuletida og fritida, seier Kacper som sjølv bur i Herøysundet med familien sin.

Frøy fortset å fortelja om arbeidet med Spar. Martine og Håvard var på gruppe med henne.
– Eg trur litt av grunnen til at vi valde Spar var at Håvard si mor jobbar på butikken, men vi hadde og ein tanke om at Spar burde vera med, for det er jo ein viktig del av Uskedalen.

Dei to siste i “panelet”, Trym og Andreas, hadde laga Julagrano og Gamleskulen saman med Leif og Ailo.
– Vi tenkte at det var viktig å ha med Grano for den har jo stått der og lyst i alle år. Det er ein viktig plass i Uskedalen, seier Andreas, og då må vi spørja om dei hadde lys på den og.
– Vi hadde jo ikkje skikkelege lys, men vi hadde sånne godteri på som lys, fortel Trym og Andreas, og godteri er jo viktig på peparkakebygg.

Dei fortel at også Stemneplassen, skulen og bustadhuset til ein av elevane har fått plass i Peparkake-Uskedalen.

Julagrano, Spar, Gamleskulen og deler av skulen og aktivitetshuset til høgre. Stemneplassen i bakgrunnen.
Stemneplassen sett frå Skårheug. Både benkene og minnesteinen er på plass.
Barnehagen, skulen, aktivitetshuset og fotballkamp på kunstgrasbanen.
Julagrano lyser!

Det har vore ein heila jobb fram til resultatet. Deigen kom frå Spar, men alt det andre har dei gjort sjølv, frå planlegging, til utarbeiding, steiking og samansetjing til pynting med melis og forskjellig godteri.
Intervjuaren ser for seg at å laga slike byggverk hadde vore altfor vanskeleg for han, og spør om det ikkje var vanskeleg å laga for eksempel Julagrano.
– Jo, litt, seier Trym først, men forset. Det blei ikkje så vanskeleg, for vi tok først litt deig, og så målte vi han ut og strekte han litt ut, og så laga vi nokre trekantar og så blei det Grano.
– Noko som var litt problem, i alle fall på mi gruppa, var at vi måtte først laga malar i papir, og når vi skulle bruka dei til å skjera deig etter, så var dei skeive, så vi måtte begynna på nytt og ta det mange gonger. Men det gjekk no bra til slutt, fortel Frøy, det fortel litt om kor vanskeleg det kan vera å laga peparkakebygg.
– Ein ting var og at Kaylah i klassen vår redda oss veldig masse, for peparkake-Spar blei altfor liten. Då kom ho med nokre gode idèar slik ho alltid gjer, og då blei det eit bra bygg, rosar Frøy klassevennina som saman med Ebba laga Stemneplassen.
– Ja, og så dekorerte vi med slikkepinnar og. Vi laga vindu av dei, kjem Trym på. Dei forklarer at det gjorde dei ved å knusa slikkepinn og smelta det i former, og då det storkna hadde dei gjennomsiktige glas.

Dette flotte huset med omgivelsar er Anna og Andrea meister for.
Iver, Ola, Arunas og Viljar hadde verkeleg fått fram at Uskedalen er klatrebygda. Med fjelltoppar med snø, Folgefonna, bru over elv fekk dei fram den vakre og ville naturen rundt oss.
Då eg var innom Folgefonnsenteret, møtte eg på Iver og Ola som hadde levert det flotte og krative bidraget om klatring på Folgefonna.
Ebba og Kaylah var med på det flotte arbeidet som blei gjort i 7.klasse. I tillegg leverte dei inn dette flotte huset.

Då eg snakka med dei fire elevane var bygga sett på trygg plass. På grunn av koronasituasjonen var dei usikre på om elevar frå klassen ville vera til stades under opninga.
Opning slik det var planlagt i dag kl.12, blei det ikkje. Men det er mange flotte bidrag som no er utstilt. Dei kan folk gå og beundra no i førjulstida. Frå utsida på kaisida er det fint å sjå utstillinga. Eg anbefaler alle å ta ein tur. Det er eit godt alternativ no i denne litt spesielle koronatida. Margit Lund Mikkelson seier at den no vil bli ståande til over jul.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland