Påskeshow på Vertshuset Perla med Arne Torget og Ole Bergesen, allsong og livemusikk med Tore "Pederen", laurdag 9. april.
Hald av kvelden folkens! Her blir det liv! Palmelørdag opnar me dørane kl 18:00 på Vertshuset Perla. Me startar med sal av pizza og open bar. Klokka 20:00 entrar Arne og Ole scenen. Dei stiller med 1 time og 10 minuttar med lattergaranti. Arne med sine lyriske og dagsaktuelle perler og Ole med sine klassiske revynummer, samt mykje nytt stoff. Etter showet drar Tore Nordahl-Pedersen i gong allsong og livemusikk så her kan du både synga og svinga dansefoten.
Pris for show, allsong og dans: 300,-
Billettbestilling: sms til 470 12125 . Arrangør er Elins Matgleder.
Tekst/foto: Pressemelding Nett: Kristian Bringedal