Vi håpar at mange har hatt det kjekt når dei har grubla på oppgåvene i SPAR Uskedalen/Uskedalsida sin første del av påskequizen. Her kjem del 2. Det blir premietrekning rett etter påske, og alle som har meir enn 90% rette svar er med i trekninga av hovudpremien. Derfor er det viktigaste å delta, kosa seg med oppgåvene, gjerne fleire som lag. De treng ikkje nødvendigvis svara rett på alt for å vinna. Alle svara må skrivast og sendast samla som epost til thordossland@gmail.com, som SMS til 932 88 237 eller på messenger (Thor Inge Døssland) innan 2. påskedag, eller de kan skriva svara på eit ark og levera på SPAR innan tirsdag 2. april kl.17.
Vi håpar at mange vil ha glede av oppgåvene og håpar at mange sender svara sine.
Og som vanleg er overdommaren suveren. Så ingen protestmulighet.

Oppgåver – del 2.

Ordrebusar. Ting til arbeid, hobby og fritid. Skriv svara.

31. byteopnar
32. blinktau
33. 90 grader gnir
34. sving på sving 1400
35. maskinskjer
36. stjernelorgnett
37. eldskalle
38. katteskratteleik
39. Ola kutta
40. gruppepose

Ord og uttrykk. Skriv rette svar.

41: Stuttorv

  • Ungokse
  • Liten ljå
  • Kortvaksen kar

42: Klovna

  • Rivna/flakna
  • Skjera klauvene på kyr
  • Sko hesten

43: Slumra

  • Jogga roleg
  • Vera smart/slu
  • Sova lett

44: Stribukk

  • Hanrein
  • Sta kar
  • Spelsauvêr

45:Gula

  • Spak vind
  • Fargerik solnedgong
  • Kunstform

46: «Å selja flesk»

  • Gylfen på buksa er open.
  • Underskjørtet er nedanfor kjolen/skjørtet
  • Skjorta er utanpå buksa.

47: Å smudla

  • Å flira
  • Å blanda mjølk og mjøl
  • Å setja teiner på grunt vatn.

48: Balstyren

  • Interessert i fotball og andre ballspel
  • Vill og ustyrleg
  • Fotballtrenar utan suksess

49: Beinved

  • God sløydmaterial
  • Ask
  • Kristorn

“Den nære fortida” og anna bygdestoff.

50: Han kan utvilsamt kallast «far» til Uskedalsdagane som starta i 1976.

  • Kåre J. Guddal.
  • Harald Sunde.
  • Ivar B. Arnesen.

51: Første dirigenten i «Røysterett for Alle» var:

  • Anne Karin Johnsen
  • Sigurd Wang
  • Kristian Olav Bringedal

52: På tomta der Helmer Sætre bygde bustadhus med bakeri (Gros Blomster) skulle det etter planen byggjast:

  • Bedehus.
  • Ungdomshus
  • Ny skule

53: Huset der “Lises Brukt” er i dag, heitte opprinneleg:

  • Samhald
  • Grannesalen
  • Losje «Uskedølen»

54: Denne dama baud Bjørgulv Eik opp til dans første gongen han var på Skotårsfest:

  • Liso på Musland
  • Mossen på Kjerland
  • Britto på Feet.

55: Dette året blei Kjersti og Gunn Mari ein eigarduo av Spar Uskedalen:

  • 2018
  • 2019
  • 2020

56: Etter skuleåret 1948/49 var det berre ein elev igjen som budde på Skorpo, og den måtte begynna på skulen i Uskedalen. Det var:

  • Martha Bakke.
  • Johannes Hauge
  • Olav Skorpen

57: Nyvald leiar i Uskedal Utvikling er:

  • Gunn Mari Moberg
  • Remi Andrè Onarheim
  • Eva Reime Ljosnes

58: I Uskedalen var det mange kverner der dei mol korn til mjøl. Kor stod kverna som no er på Bygdetunet på Rød?

  • Ved Tverrelvo
  • Ved Kvednabekkjen på Døssland
  • Ved Børsdalselvo

Unge talent og litt eldre…… Skriv svaret.

59: Denne unge flinke musikaren frå Uskedalen har no fast plass som solokornettist i Rosendal Musikklag. Kva er namnet?

60: Den utflytta uskedelingen Jørgen Moberg jobbar i eit kjent firma der han også har vore avbilda i fleire reklamekatalogar.  Namn på firmaet.

61: Denne musikaren, som framleis er aktiv musikar, er den mest kjende som nokon gong har vore fast medlem i Uskedal Musikklag. Namn på musikaren.

62: Naturvernar og multitalent innan kunst med ulike uttrykksformer som lagar dei finaste fuglekassar. Skriv namnet.

63: Desse to kunstnarane hadde for ganske nøyaktig eitt år sidan ei fantastisk kunstutstilling i Gamleskulen. Skriv namna på dei to.

64: Han skriv bok om utvandringa frå Uskedalen til Amerika. Boka kjem etter planen ut i 2025. Skriv namnet på forfattaren.

65: Uskedalen har ein aktivist, busett i Bergen, som har markert seg spesielt mykje mot vindkraft. Skriv namnet.

66: Den nytilsette arbeidsleiaren ved Retro Brukthandel bur i Uskedalen. Skriv namnet.

67: Starta som campingvert som 12 åring, tok seinare høgskuleutdanning til glede for mange uskedelingar og er no relativt nyslått og naturglad pensjonist.

68: Denne utflytta uskedelingen er den mest meritterte fotballspelaren frå bygda.  Landslagsspelar, har spela på same lag som fotballpresident Lise Klavenes, og var toppskorar i toppserien i 2003 med 15 mål, det same som Solveig Gulbrandsen og Marianne Pettersen. Har du namnet?

69: Namnet på professor som voks opp i Uskedalen og er spesialist på m.a. Midt- Austen, og som ofte er å sjå på TV.

70: Namnet på uskedeling som er kjend frå m.a. Hotel Cæsar, Skal vi danse, Starworks og Beat for Beat.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland