Påskekafe i Vonheim med rekordframmøte.
2. påskedag må vera ein god kafedag. Det var synleg i Vonheim i dag. Rekordframmøte på dei fire åra det har vore Vaffeldag i forsamlingshuset på Haugland. Uoffisielle tal syner at nær på 60 kafegjester var innom. Etterkvart var det ikkje meir att av vaffelene. Alt gjekk ut.

Skulemuseet var ope og mange nytta høve til å mimra om skulen slik den var for over 50 år sidan. Fleire av dei frammøtte hadde skuletida si i krinsen Haugland og Musland.

Vel blåst !
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal