Påskeafta i dag var klart den beste påskedagen i år. Fullbooka Rabben feriesenter, gjester i bubilar, hytter og båtar, god handel og stor utfart til fjells og på turvegane i nærområde. Det er slik vi ynskjer å ha det. Med normale tider utan koronareglane ville tilstrøyminga vore langt større. Ut frå ei samla vurdering må alle vera nøgde med påskehelga 2021.

Påskegjester i eit 20 tals båtar valde Uskedalen Båtlag si hamn i år.

Her er nokre spreidde observasjonar:

  • Thaivogna melder om ein pangstart på sesongen med mange nøgde kundar. Til vanleg er tilbodet ope frå fredag til sundag, kl. 14 – 20. I påskehelga har det vore ope kvar dag, til og med 2. påskedag.
  • Eit 20 tals større båtar har brukt Uskedal Båtlag sitt anlegg i påskehelga.
  • Med godt samarbeid mellom aktørane er det funne plass til bubilar i Øyro Marina, ved Vertshuset Perla og på plenen ved Båtlagshuset, i tillegg til Rabben Ferisenter med sine 20 bubilplassar.
  • Elins Matgleder hadde ope på påskeafta. Mange, både fastbuande og andre påskegjester nytta seg av tilbodet med fersk bakst og gåver i silobutikken.
  • Med god skilting og informasjon finn mange vegen til dei mest populære turmåla, – Klepp, Flåtene, Storhaug, Låganoso, Fjellandsbøvatn, Kalkstasjonen og Skorpo.
  • Mange fann vegen til grøntgrasbanen og aktivitets- og leikeparken. Trimapparata vert faktisk meir brukte av tilreisande gjester enn av oss som bur fast i bygda. Turvegen rundt Neset og over Dønhaug er populær.
Rabben Feriesenter var fullbooka og alternative bubilplassar vart tekne i bruk.
Camp ved Fjellandsbøvatn med gjester frå Halsnøy.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal