Uskedal Utvikling bør børsta støv av gammal sak.

For nokre år sidan var Uskedal Utvikling så vidt i gang med planar om tilrettelegging for turfolket mellom anna med parkeringsplassar, toalettanlegg og merking kor ein kunne gå for at det skulle gå minst mogeleg ut over dyrka mark. At det no er på høg tid at Uskedal Utvikling får fortgang på dette arbeidet, fekk i vi eit veldig tydeleg bevis på då vi var på tur opp dalen i føremiddag. Behovet er stort!!!
Bildet over viser situasjonen ved brua ved Hauglandsheio..

På Musland var 10 bilar parkert ved vegen og nedanfor løemurane.

Særleg ille var det ved brua som går over til Hauglandsheio. Der var det så tett med bilar at bøndene ikkje hadde hatt mulighet til å koma seg fram med traktor og utstyr. Det var så vidt det gjekk med ein vanleg personbil. Overraskande var det då å komma opp til kalkestasjonen, for der var det berre 4 bilar. Der pleier det i alle fall rett som det er vera rundt det tredoble. Forklaringa på dette fekk eg frå eit par turg¨åarar på veg ned frå Nåso. Bommen ved brua hadde vore stengt tidlegare på dagen.
Kan det vera ei betre løysing å ha ei rimeleg parkeringsavgift for dei som parkerer ved kalkedoseraren i staden for å stenga med bom?

Også på begge plassene der det blir parkert ved starten av Pålavegen, utvidinga for at store kjøretøy skal klara svingen og parkeringsplassen for fiskarar litt lengre oppe, var overfylt. Det er første gong eg har sett at det har vore parkert på begge sider av vegen der. Eg la også merke til at det var uvanleg stor trafikk både opp og ned dalen. Truleg var det ein del som hadde lagt om på turplanane på grunn av manglande parkering.

Dette gjorde at eg tok ein tur opp til Musland. Det stadfesta dette inntrykket. Ved bruket etter Anton og Marie Musland, som Jarle Birkeland no eig, var det også overfylt, – til saman 10 bilar. Der hadde ein bil måtta parkera på nedsida av løemurane.

Vi veit at fjella våre, og særleg Ulvanåso, er populære turmål. Også for svært mange tilreisande. Derfor er det viktig at vi tilrettelegg for at dette skal gå i mest mogeleg ordna former. Det er best for alle partar. Derfor bør Uskedal Utvikling ta tak i dette arbeidet igjen. Dei bør koordinera arbeidet og samarbeida med grunneigarane, og syta for at det blir søkt midlar til gjennomføringa. På strekninga frå Hauglandsheio og til Fjellandsbø trengst det fleire parkeringsplassar, og ved kalkestasjonen og ved Fjellandsbøvatnet bør det i tillegg komma toalettanlegg.

Inntil dette er på plass er det viktig at vi tar hensyn til grunneigarane når vi parkerer slik at dei ikkje blir hindra i arbeidet sitt. Det er også viktig at vi parkerer slik at vi utnyttar parkeringsarealet som er på ein best mogeleg måte.

Ved starten av Pålavegen var det overfylt på begge plassene det pleier å parkerast. Her er det også viktig å leggja til at plassen ved grinda ikkje er laga for parkering.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.