Det strøymde til med kunstinteresserte menneske då Amalie Røstbø ( 27 år ) debuterte som gallerist i dag. Det var knapt plass til alle i lokalet. Nokre venta ute på tunet for å koma inn. Kunstnaren Axel Vindenes kjem frå Bergen, kjend som multikunstnar og vokalist i bandet Kakkmaddafakka. Utstillinga har tittelen 28 gledelige maleri. Prisen er alt frå kr. 8 000,- til kr. 440 000,-.

Amalie saman med multikunstnaren Axel Vindenes.

I velkomsthelsinga si fortalde Amalie om korleis det gjekk til at ho er gallerieigar i dag. Etter ein avisartikkel for eit år sidan ringde Gøril Guddal og spurde om ho ville overta det landskjende galleriet. Ho svara ja. Studie med master innan faget tekstilkunst er sett på vent. No krev kunsten henne på heiltid. Familien hennar med mellom anna mor og morfar var tilstades på opninga.

Axsel Vindenes sang to sjølvskrivne tekstar. Det var ei stor ære for han å koma til Guddal med ein fullverdig utstilling. Motiva er henta frå Bergen, frå fjell og fjord, sjakk og ikkje minst frå Rosendal med Baroniet i sentrum. Han kan stolt føra slekta si på farssida tilbake til Harald Hardråde, konge på 1000 talet. Det er bakgrunnen for det største og mest kostbare måleriet på utstillinga, med tittelen Harald Hardråde. Pris: kr. 440 000,-.

Axel Vindenes kan føra slekta si tilbake til Kong Harald Hardråde.

Utstillinga er open fredag – sundag kl. 11 – 16 i perioden 1. april – 14. juni.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal