
Påminning: Føredrag med Søringen - Helgheim 30. november kl. 18
Føredrag med Anders Kråkevik, for dei fleste av oss mest kjent som Søringen i TVserien Søringen og Samen.

Anders vil fortelja om reisa han og Samen (Mathis) har vore på til Mongolia. I tillegg vil han visa oss ein episode frå den nye sesongen av TVserien som har premiere på TV2 i februar 2025.

Billettpris:
Under 16 år medl./ikkje medl. Kr. 100,-/150,-
Over 16 år medl./ikkje medl. Kr. 150,-/200,-
Betaling med VIPPS ved inngangen.
Påmelding til Hans Ordin Østebø: 90 75 60 32
Kjellarkveld
Etter føredraget inviterer vi til «Kjellarkveld» for dei over 18 år. Dei som vil ha noko sterkare enn vatn i glaset, tar det med sjølve – ungdomslaget spanderer snacks.
Arrangør: Uskedal Ungdomslag
FOTO: Kråkevik Film AS
Tekst: Uskedal Ungdomslag
Nett: Hans Ordin Østebø