Sommarskulen er eit kommunalt tilbod til born og unge i 4. til 10. klassesteget. Tida er dei tre fyrste vekene i skuleferien, veke 25, 26 og 27. Det er ulike tilrettelagde kurstilbod med kursleiarar på kvar gruppe. Ei statleg løyving på kr. 1,5 millionar kroner gjer dette mogeleg å få til. Det er eit ope tilbod til alle i den aktuelle aldersgruppa, uansett funksjonsnivå. Her er nokre av kurstilboda:

  • Musikalsk improvisasjon
  • Idrett- og sportsaktivitetar
  • Opplevingstur til Åkra med overnatting
  • Tokt med seglkuttaren SELADON
  • Koding og symjing
  • Livet i fjorden og i fjæra
  • Kunst og teikning
  • Riding og friluftsliv
  • Folgefonnsenteret

Meir informasjon og påmelding: Sjå Kvinnherad kommune si heimeside. Kvar kursdeltakar kan melda seg på inntil to kurs og vert tildelt ei veke på sommarskulen. Prosjektleiar er Anne Marthe Zimmer.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Pressefoto