Skogsvegen som populært blir kalla Pålavegen er mykje nytta både av tur- og trimfolk. Vegen som slyngar seg opp gjennom Hauglandslia med passande stigning, har jamnlege brukarar med ulike opplegg og målsetjingar. Nokre parkerer nede ved hovudvegen og tar trimturen derfrå, medan andre har kjøreavtale og kjører eit stykke opp i lia for å ta turen i høgare luftlag. Alle aldersgrupper er representert blant brukarane, nokre med daglege turar og andre meir sporadisk.

Vegen har fin stigning for dei som ønsker å få pulsen litt opp. Dermed blir det effektiv trening både for dei sprekaste som tar turen heilt til topps, og for dei som nøyer seg med deler av turen. For hyttefolk og andre med tung baggasje gjer det godt å få kjøra deler av turen når dei skal opp og nyta livet ved idylliske Mannsvatnet.

I dag, lørdag, var det parkert bilar på tre ulike stader ved vegen opp gjennom lia, i tillegg til nede ved hovudvegen. Dette er vanleg på fine dagar. Meir iaugnefallande var det at det var parkert heile seks motorsyklar ved enden av vegen slik bildet over viser. Om desse var på dagstur eller overnattingstur, kjenner vi ikkje til, men god nytte av Pålavegen hadde dei i alle fall. Frå toppen av Hauglandsfjellet kunne vi reistrera folk utanfor ungdomslaghytta “Fjelly” i inste enden av Mannsvatnet i tillegg til fleire av dei private hyttene rundt vatnet. I tillegg var det også telt inst på Barmatongjen. Alle hadde heilt sikkert til felles at dei nytte idyllen i dette usedvanleg naturvakre området.

Ungdomslagshytta “Fjelly” ligg vakkert til til venstre på bildet. Omlag midt på bildet er det telt. I det området er det rett ofte telt.

På veg ned att møtte eg på Janne Yri og Michael Røssland. Paret som saman med andre har lagt ned utallige dugnadstimar på ungdomshytta “Fjelly”, var klare for ny dugnadsøkt. No var det maling som stod for tur. Ungdomslagshytta “Fjelly “er eit kjempegodt tilbod. Den kan leigast for ein rimeleg sum. Meir info finn de HER

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.