Bergen har Fløysvingane og Føyfjellsvegen. Uskedalen har skogsvegen på Haugland, også kalla Pålavegen. Det er nokre skilnader. I Bergen kan du ta Fløybanen opp og aka ned, om lag 300 høgdemeter. På Haugland går du til toppen og akar eller skreider 500 høgdemeter ned i dalbotn. Etter Uskedalen.no la ut på nettsida at vegen var preparert og køyrt opp med scooter, har det vore stor tilstrøyming dag og kveld.

Ei vekers tid har de vore det som før vart kalla kjelkeføre. Då er det snø så mykje at ein kan skreida seg på kjelke, krubba eller akebrett. Skogsvegen på Haugland er den beste av mange skogsvegar når det gjeld aking og skreiding. Det er jevn stigning, vegen ligg fint til i terrenget og breidda er god ved passeringar. Det er fem svingar mot toppen på Hauglandsfjellet. For dei som startar inne på fjellet, er talet på svingar heile 6.

I dag, laurdag 16. januar, fekk vi sjå dei som verkeleg brukar fart på akebrettet ned lia. Målet er å køyra ned utan stopp. Det er unnagjort på unna fem minuttar. Høgreregelen gjeld og ein må vera merksam for dei unge akarane. Dei kjem med fart.

Vil du vera med å gå opp spor i Muslandslia ? Det er ei vakker oppleving.

Mange går på ski med feller. Nokre går med truger eller berre på skorne. Dei mest avanserte har toppskiutstyr til ein kostnad på over kr. 20.000,-.

Ein fin tur er inn Muslandslida. Då går du rett fram i den andre svingen, fram mot velteplassen for tømmer og vidare 3 km inn til ei fin slette ovom søre Musland. Denne traseen er ikkje køyrt opp med scooter, men det er delvis laga vanleg skispor.

Då er det berre å finna fram kjelken, rattkjelken og akebrettet og koma seg til Haugland. Bruk dei dagane vi har i det fine og stabile vintervegen.

Dersom du har bilete frå skreding ned Pålavegen, send til uskedalen.no@gmail.com

Tekst/ nett: Kristian Bringedal  
Foto: Gunnalug Eik/ Kristian Bringedal