I løpet av tirsdag kveld eller natt til onsdag har eit tre rotvelta, og det sperrar Pålavegen vel 100 meter frå startpunktet ved fylkesvegen.  Pålavegen er ein populær tur- og trimmeveg, og det var turgåarar som oppdaga det då dei kom på sin dagelege tur.

Det er truleg det kraftige regnveret i kombinasjon med omslaget til det svært milde veret etter ein lang og kald vinterperiode, som er årsak til sperringa.  Ein stor stein har glidd ut mot vegen i det bratte terrenget, og den har då teke med seg lerketreet som no ligg tvers over vegen og sperrar.  For gåande er det fullt mogeleg å passera treet.

Elles er det gjort lite skade på vegen i det kraftige regnskyllet.  Det er berre litt vasskadar langt oppe i trasèen. Det gode ettersynet der vegansvarleg er nøye med å laga tett med stikkrenner, er svært viktig for dette.  Truleg er vegansvarleg og kjapt på plass og fjernar det omtala lerketreet.

Denne saka er ein test på utlegging på den nye sida.

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland